Element

Dette er ei liste over operatorar, funksjonar, symbol og formatering som kan setjast inn i ein formel.

Nokre eksempel vil visa kva operasjonar som finst.

Utvalsvindauget har to delar. Dersom du trykkjer på eit symbol i den øvste delen av vindauget, vert dei underordna symbola viste i den nedre delen av vindauget.

Du kan også bruka dei same funksjonane gjennom undermenyar av sprettoppmenyen i kommandovindauget.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Vis → Element


Unære/binære operatorar

Du kan velja mellom fleire ulike unære og binære operatorar for å byggja ein LibreOffice Math formel. Unær viser til operatorar som påverkar éin plasshaldar, medan binær viser til operatorar som påverkar to plasshaldarar. Den nedre delen av elementvindauget viser dei enkelte operatorane. Sprettoppmenyen i Kommandovindauget inneheld også ei liste med desse operatorane og nokre operatorar i tillegg. Viss du treng ein operator som ikkje finst i elementvindauget, kan du bruka høgreklikkmenyen eller skriva han inn direkte i kommandovindauget.

Relasjonar

Du kan velja mellom ulike relasjonar når du strukturerer LibreOffice Math-formlar. Relasjonsfunksjonane vert viste i den nedre delen av vindauget «Formelelement». Dei vert også viste i høgreklikkmenyen for kommandovindauget. Alle relasjonar som ikkje finst i elementvindauget eller i snøggmenyen må skrivast inn manuelt i kommandovindauget.

Mengdeoperasjonar

Bruk ulike mengdeoperatorar på teikna i formlar i LibreOffice Math. Dei ulike operatorane vert viste i den nedste delen av elementvindauget. Bruk høgreklikkmenyen i Kommandovindauget for å sjå ei identisk liste over funksjonane. Dei operatorane som ikkje finst i elementvindauget, må skrivast inn manuelt i kommandovindauget. Du kan også skriva inn andre delar av formelen manuelt, sjølv om symbola finst i elementvindauget.

Funksjonar

Vel ein funksjon i den nedre delen av vindauget. Desse funksjonane er også lista opp i menyen til vindauget Kommandoar. Dei funksjonane som ikkje finst i vindauget «Element» må skrivast inn for hand i vindauget «Kommandoar».

Operatorar

Du kan velja mellom mange ulike operatorar for å strukturera ein LibreOffice Math-formel. Alle variable operatorar er synlege i den nedste delen av elementvindauget. Dei vert også lista i høgreklikkmenyen i Kommandovindauget. Dei operatorane som ikkje finst i elementvindauget eller i høgreklikkmenyen, må skrivast inn manuelt i Kommandovindauget.

Attributt

Du kan velja mellom fleire attributt for formlar i LibreOffice Math. Nokre av dei vert viste i den nedre delen av elementpanelet. Desse attributta er ogsp lista i sprettoppmenyen i Kommandovindauget. Alle attributta som ikkje er i elementpanelet eller i sprettoppmenyem må skrivast manuelt i Kommandovindauget.

Parentesar

Du kan velja mellom ulike typar av parentesar for å strukturera ein LibreOffice Math-formel. Dei ulike parentesane vert viste i den nedste delen av elementvindauget. Desse parentesane vert også lista ut i høgreklikkmenyen i Kommandovindauget. Alle parentesar som ikkje finst i elementpanelet eller i høgreklikkmenyen, kan skrivast inn manuelt i Kommandovindauget.

Format

Du kan velja mellom fleire innstillingar for å formatera ein LibreOffice Math-formel. Format-innstillingane vert viste i den nedste halvdelen av dialogvindauget for formelelementa. Desse innstillingane er også lista opp i sprettoppmenyen i Kommandovindauget.

Andre symbol

Viser ymse matematiske symbol.

LibreOffice Math-eksempel

Dette er ei liste over eksempelformlar i LibreOffice Math.

Formelreferansetabellar

Dette referanseavsnittet inneheld lister over mange operatorar, funksjonar, symbol og formateringsfunksjonar som er tilgjengelege i LibreOffice Math. Mange av funksjonane kan setjast inn ved hjelp av symbola i Elementvindauget eller ved hjelp av høgreklikkmenyen i Kommandovindauget.

Støtt oss!