LibreOffice 25.2 Hjelp
Denne menyen vert brukt for handsaming av lysbilete og funksjonar for navigering.
Slettar dei valde lysbileta/det valde lysbiletet.
Viss lysbiletet har eit bakgrunnsbiletet, kan du bruka dette alternativet for å lagra bakgrunnsfila som høyrer med i biletet.
Opnar ein filutforskar for å velja ei biletfil som skal brukast som bakgrunn i det gjeldande lysbiletet.
Lagar eit nytt hovudlysbilete. Denne funksjonen er berre tilgjengeleg i Hovedutformingsvisning.
For å gå inn i hovedutformingsvisinga, gå til Vis → Hovudlysbilete. Du går ut av hovedutformingsvisinga med Vis → Normal.
Slettar det gjeldande hovudlysbiletet. Denne funksjonen er berre tilgjengeleg i Hovedutformingsvisning.
Denne innstillinga gjev deg høve til å visa eller gøyma bakgrunnsbiletet definert i hovudlysbiletet.
Dette valet gjev deg høve til å visa eller gøyma objekt definerte i hovudlysbiletet.
Viser eit dialogvindauget der desse elementa frå hovudlysbiletet kan slåast på og av:
Overskrift
Dato/klokkeslett
Botntekst
Lysbiletnummer
Viss eit lysbilete er gøymd, vil denne funksjonen gjera det synleg igjen.
Viss eit lysbilete er synleg, vil denne funksjonen gøyma det.
Opnar eit dialogvindauge der du kan skriva inn eit namn på det gjeldande lysbiletet.
Gå til det lysbiletet som sist vart redigert i dokumentet.
Viser ei liste over flytteoperasjonar du kan bruka på det gjeldande lysbiletet:
Lysbilete til start: Flyttar det gjeldande lysbiletet fremst.
Lysbilete opp: Flyttar det gjeldande lysbiletet éin plass opp i presentasjonen.
Lysbilete ned: Flyttar det gjeldande lysbiletet éin plass ned i presentasjonen.
Lysbilete til slutten: Flyttar det gjeldande lysbiletet til den siste posisjonen.
Viser ei liste med funksjonar som kan brukast for å navigera gjennom lysbileta:
Til første lysbilete: Vel det første lysbiletet I presentasjonen.
Til førre lysbilete: Går til det førre lysbiletet i høve til det gjeldande lysbilete.
Til neste lysbilete: Går til det neste lysbiletet i høve til det gjeldande lysbilete.
Til siste lysbilete: Går til det siste lysbiletet i presentasjonen.