LibreOffice 25.2 Hjelp
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka for å endra innhaldet i det gjeldande dokumentet.
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.
Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angra-steget du vil gjera om att.
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja format.
Set innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit format som du kan velja sjølv.
Slår visinga av Søk-linja på slik at du kan søkja etter tekst eller flytta deg rundt i eit dokument ved hjelp av element.
Slår modus for Rediger punkt på eller av.
Slår modus for Rediger festepunkt på eller av.
Redigerar eigenskapane til eit felt som er sett inn. For å redigera eit felt som er sett inn, dobbeltklikk på det. Vel deretter Rediger → FeltVel deretter Rediger → Felt.
Du kan endra eller fjerna lenkjer til eksterne filer i det gjeldande dokumentet. Du kan også oppdatera innhaldet i den gjeldande fila til slik det var sist ho vart lagra. Kommandoen gjeld ikkje for hyperlenkjer og er berre tilgjengeleg viss det gjeldande dokumentet ikkje inneheld lenkjer til andre filer.
Let deg redigera eit merkt OLE-objekt som du har sett inn i fila med kommandoen Set inn → OLE-objekt.