Disposisjonslinja

I disposisjonsvising inneheld disposisjonslinja ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.

Senk

Flyttar eit listeavsnitt der markøren er plassert eller merkte listeavsnitt, eitt listenivå ned.

Ikon Flytt ned

Hev

Flyttar eit listeavsnitt der markøren er plassert eller merkte listeavsnitt, eitt listenivå opp.

Ikon Flytt opp

Flyttar avsnittet der markøren er plassert, eller det merkte avsnittet, til etter neste avsnitt.

Ikon Flytt ned

Flyttar avsnittet der markøren er plassert, eller det merkte avsnittet, til framføre det førre avsnittet.

Ikon Flytt opp

Vis formatering

Viser eller gøymer teiknformatering av lysbiletoverskrifter. Opna Stilhandsamaren, høgreklikk på ein stil og vel Endra for å endra teiknformateringa til ei overskrift.

Ikon Vis formatering

Vis formatering

Svart-kvitt

Viser lysbileta i svart-kvitt.

Ikon Svart og kvit

Svart-kvitt

Vis berre første nivå

Gøymer alle overskriftene utanom tittelen på lysbileta i lysbiletframsyninga. Gøymde overskrifter vert viste med ei svart linje framom ein lysbilettittel. Trykk på knappen Alle nivå for å visa overskriftene.

Ikon Vis berre første nivå

Vis berre første nivå

Vis alle nivå

Viser dei gøymde lysbileteoverskriftene i lysbiletframsyninga. Trykk på knappen Første nivå for å gøyma alle overskriftene i lysbiletframsyninga med unntak av lysbilettitlane.

Ikon Vis alle nivå

Vis alle nivåa

Gøym underpunkt

Gøymer underoverskriftene til ei valt overskrift. Gøymde underoverskrifter vert viste med ei svart linje framom overskrifta. Trykk på knappen Vis undernivå for å visa overskriftene på lågare nivå.

Ikon Gøym underpunkt

Gøym underpunkta

Vis underpunkt

Viser dei gøymde underoverskriftene til ei vald overskrift. Trykk på Gøym undernivå for å gøyma underoverskriftene til ei vald overskrift.

Ikon Vis underpunkt

Vis underpunkt

Støtt oss!