Teiknelinja inneheld ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.
Verktøylinja «Teikning» kan også visast i eit tekstdokument eller eit rekneark. Dei synlege knappane kan vere ulike, avhengig av kva dokumenttype du arbeider med.
Vel
Bruk Vel på teiknelinja og klikk på eit objekt for å velja det.
Hald nede Shift-tasten medan du klikkar på objekta dersom du vil velja fleire enn eitt objekt om gongen.
Hald nede TilvalAlt og klikk på objektet for å velja eit objekt som ligg bak eit anna. For å velja neste objekt i stabelen, held du TilvalAlt nede og trykkjer igjen. Hald nede Shift + Tilval Alt og trykk for å gå tilbake til det førre valde objektet.
Du kan leggja til tekst på eit valt objekt ved å dobbeltklikka på det og skriva eller lima inn teksten.
Trykk Escape eller utanfor det valde objektet for å fjerna ei merking.
Med dobbeltklikk kan du bruka eit verktøy til fleire oppgåver. Dersom du berre klikkar éin gong, går verktøyet tilbake til den førre oppgåva etter at denne er ferdig.
Teiknar eit fylt rektangel der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil leggja eit hjørne og drag rektangelet så stort du vil ha det. Du kan halda nede Shift medan du dreg dersom du vil teikna eit kvadrat.
Teiknar ein fylt ellipse der du dreg med musa i teikninga. Trykk der du vil teikna ellipsen og drag han så stor du vil ha han. Du kan halda nede Shift medan du dreg dersom du vil teikna ein sirkel.
Opna verktøylinja for Linjer og piler der du kan leggja til rette linjer, linjer med piler og dimendjondlinjer til det gjeldande lysbiletet eller den gjeldande sida.
Opna verktøylinja for samband. Ved å bruka denne kan du leggja samband til objekta i lysbiletet. Eit samband er ei linje som koplar saman to objekt og held fram å hengja saman når objekta vert flytte. Dersom du kopierer eit objekt med eit samband, vert sambandet òg kopiert.
Opna verktøylinja for 3D-objekt. Objekta er tredimensjonale med djupn, lyssetjing og releksjonar. Kvart innsett objekt dannar først ei 3D-scene. Du kan trykkja F3 for å gå inn i scena. For desse 3D-objekta kan du opna dialogvindauget for 3D-effektar for å endra eigenskapane.
Fordeler tre eller fleire objekt jamt langs den vassrette eller loddrette aksen. Du kan også fordela avstanden mellom objekta jamt.
Fordel
Skugge
Legg til skugge på det valde objektet. Viss objektet har skugge frå før, vert han fjerna. Viss du trykkjer på denne knappen utan å ha merkt eit objekt, vil det neste objektet du teiknar få skugge.