Linjalar

Du kan bruka loddrette og vassrette linjalar på venstre og øvre kant av arbeidsområdet i LibreOffice Impress når du lagar lysbilete. Delane av linjalane som lysbiletet er innanfor vert farga kvite.

Tipsikon

Når du vel eit objekt, vert dimensjonane til objektet vist på linjalane som grå doble linjer. For å endra storleiken på objektet nøyaktig, kan du trekkja ei av dei doble linjene til ein ny stad på linjalen.


Når du vel eit tekstobjekt på eit lysbilete, vil innrykk og tabulatorar verta viste på den vassrette linjalen. Dra og slepp eit tabulator- eller innrykksmerke for å flytta det.

Du kan òg trekkja ei festelinje frå ein linjal for å hjelpa deg med å stilla opp objekta på lysbiletet. Bruk musepeikaren og trekk frå linjalen og inn i lysbiletet.

Vel Vis → Linjalar for å visa eller gøyma linjalane.

Du kan velja måleeining ved å høgreklikka på ein linjal og velja frå lista.

For å endra nullpunktet for linjalane, kan du trekkja skjeringspunktet mellom dei to linjalane i hjørnet oppe til venstre, inn i arbeidsområdet. Loddrette og vassrette hjelpelinjer vert viste. Hald fram med å trekkja til den loddrette og vassrette hjelpelinja er der du vil ha nullpunktet og slepp. For å stilla tilbake nullpunktet for linjalane, kan du dobbeltklikka på skjeringspunktet.

Trekk i overgangen mellom dei grå og dei kvite felta på linjalane for å endra på margane til lysbiletet.

Støtt oss!