Statuslinja

Statuslinja viser informasjon om dokumentet og om merkte objekt. Du kan dobbeltklikka på nokre av elementa i statuslinja for å opna eit tilhøyrande dialogvindauge.

Gjeldande storleik

Vis X- og Y-posisjonen til skrivemerket og storleiken på det merkte objektet.

Skalering

Viser den gjeldande skaleringsfaktoren for sidevisinga.

Dokumentendring

Viss endringane i dokumentet enno ikkje er lagra, vert dette vist med eit raudt ikon i dette feltet på Statuslinja. Dette gjeld også for nye dokument som ikkje er lagra.

Gjeldande nivå/lysbilete

Vis nummeret på det gjeldande lysbiletet etterfølgt av talet på lysbilete i serien.

Denne sidestilen

Viser den gjeldande sidestilen. Dobbeltklikk for å redigera stilen, høgreklikk for å velja ein annan stil.

Støtt oss!