LibreOffice 7.1 Hjelp
Plasser skrivemerket i eit tekstobjekt for å få fram Tekstformateringslinja.
Vel eit skriftnamn frå lista eller skriv inn namnet på ei skrift direkte.
Du kan skriva inn fleire skrifttypar, skilde med semikolon. Dersom den første skrifttypen ikkje finst, prøver LibreOffice dei neste skrifttypane i rekkjefølgje.
Du kan velja mellom ulike skriftstorleikar frå denne lista, eller du kan skriva inn storleiken manuelt.
Gjer den merkte teksten om til halvfeit skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i halvfeit skrift. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er halvfeit, så vert formateringa fjerna.
Gjer den merkte teksten om til kursiv skrift. Viss skrivemerket er i eit ord vert heile ordet i kursiv. Viss den merkte teksten eller ordet allereie er i kursiv så vert formateringa fjerna.
Klikk for å bruka den gjeldande skriftfargen på dei merkte teikna. Du kan også klikka her og laga ei markering for å endra tekstfargen. Klikk på pila ved sida av symbolet for å opna verktøylinja for skriftfarge.
Blokkjusterer dei valde avsnitta til begge margane. Du skal også kunna setja opp justeringsinnstillingar for den siste linja i eit avsnitt ved å velja Format → Avsnitt → Justering.
Flyttar det merkte avsnittet opp eitt nivå i eit nummererings- eller teikn-hierarki.
Flyttar det merkte avsnittet ned eitt nivå i eit nummererings- eller teikn-hierarki.
Desse kommandoane kan du berre bruka etter å ha slått på støtte for asiatiske språk i LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → Språkinnstillingar → Språk.
Aukar skriftstorleiken på den valde teksten.
Minkar skriftstorleiken på den valde teksten.