Verktøylinja for linje og fyll
Verktøylinja for linje og fyll inneheld funksjonar og val du kan bruka i denne visinga.
Vel om dialogvindauget for stilar skal visast eller gøymast. Der kan du også tildela og organisera stilar.
Bestemmer eigenskapane for ei vald linje.
Opnar verktøylinja for pilspissar. Bruk symbolet til å velja stil for slutten av den valde linja.
Vel den linjestilen du vil bruka.
Vel breidda på linja. Du kan leggja til ei måleeining. Ein nullverdi gjev ei linje med ei breidd på ein piksel i mediet ho vert vist på.
Still inn kva objekta skal fyllast med.
Vel den fylltypen du vil bruka på teikneobjektet.
Skugge
Legg til skugge på det valde objektet. Viss objektet har skugge frå før, vert han fjerna. Viss du trykkjer på denne knappen utan å ha merkt eit objekt, vil det neste objektet du teiknar få skugge.