LibreOffice 24.8 Hjelp
Dette er ei oversikt over standardoppsettet til verktøylinjene i LibreOffice.
Teiknelinja inneheld ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.
I disposisjonsvising inneheld disposisjonslinja ofte brukte redigeringsverktøy. Trykk på pila ved sida av eit ikon for å opna ei verktøylinje som inneheld fleire funksjonar.
I visinga lysbiletsortering kan du bruka verktøylinja for lysbiletsortering.
Verktøylinja for linje og fyll inneheld funksjonar og val du kan bruka i denne visinga.
Verktøylinja for tabellar inneheld funksjonane du treng for å arbeida med tabellar. Verktøylinja kjem fram når du flyttar skrivemerket inn i ein tabell.
Linja Rediger punkt kjem fram når du merkjer ein mangekant og trykkjer påRediger punkt.
Desse funksjonane lèt deg redigera punkta i ei kurve eller eit objekt som er gjort om til ei kurve. Dei følgjande ikona finst:
Vis eller gøym Fargelinja. For å endra fargepaletten som vert vist, vel Format → Område og gå til fana Fargar.
Statuslinja viser informasjon om dokumentet og om merkte objekt. Du kan dobbeltklikka på nokre av elementa i statuslinja for å opna eit tilhøyrande dialogvindauge.
Legg til objekt, inklusive diagram, rekneark og bilete til dokumentet.
Klassifikasjonslinja inneheld verktøy for å sikra handsaminga av dokumentet.
Verktøylinja for klassifisering inneheld listeboksar som hjelper deg å setja tryggingsnivå for dokumentet i høve til BAF-kategoriretningslinjene ogBAILS-nivå. LibreOffice legg til tilpassa felt i dokumenteigenskapane (Fil → Eigenskapar, fana for tilpassa eigenskapar) for å lagra klassifiseringsretningslinjene som metadata for dokumentet.