Set inn
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å setja inn nye element i dokumentet. Du kan for eksempel bruka desse funksjonane til å setja inn bilete, objekt, spesialteikn og andre filer.
Opnar eit dialogvindauge for val av filer for å setja inn eit bilete i det gjeldande dokumentet.
Set inn ei video- eller lydfil i dokumentet.
Set inn eit diagram.
Set inn ein ny tabell i det gjeldande lysbiletet eller den gjeldande sida.
Undermenyen inneheld ulike kjelder bilete, audio og video kan setjast inn frå.
Set eit innebygd eller lenkja objekt inn i dokumentet, inkludert formlar, QR-kodar og OLE-objekt.
Denne undermenyen inneheld vanlege former som linje, sirkel, trekant, kvadrat eller symbolformer som smilefjes, hjarta og blomar som kan setjast inn i dokumentet.
Set inn eit festepunkt eller ei festelinje som du kan bruka for raskt å justera objekta i eit lysbilete. Festepunkt og festelinjer vert ikkje viste når eit lysbilete vert skrive ut eller brukt i ei framvising.
Tekstfelt
Teiknar ein tekstboks med vassrett tekstretning der du dreg i dokumentet. Dra ein tekstboks til den storleiken du vil ha, kor som helst i dokumentet, og skriv eller lim inn teksten. Du kan rotera teksten ved å rotera tekstboksen.
Set inn ein merknad rundt den merkte teksten, presentasjonslysbilete, teikneside eller der markøren er i eit rekneark.
Set inn ei flytande ramme i det gjeldande dokumentet. Flytande rammer vert brukte i HTML-dokument for å visa innhaldet i ei anna fil.
Opnar dialogvindauget for Fontwork slik at du kan setja inn tekstutformingar som ikkje er tilgjengelege i standardformateringane for tekst.
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera hyperlenkjer.
Gjer at brukaren kan setja inn teikn frå eit område med symbol funne i dei installerte skrifttypane.
Opnar ein undermeny for å setja inn spesielle formateringsteikn som hardt mellomrom, mjuk bindestrek og mjukt linjeskift.
Lysbiletnummer
Legg til lysbiletnummeret eller sidetalet.
Viser vanlege felt som du kan setja inn i lysbiletet.
Legg til eller endra tekst i plasshaldarane på toppen og botnen av lysbilete og hovudlysbilete.
Denne undermenyen inneheld kontrollelement som for eksempel tekstfelt, avkryssingsboksar, valknappar og listeboks som kan setjast inn i dokumentet.