Vis
Denne menyen inneheld kommandoar for å kontrollera visinga av dokumentet på skjermen, endre brukargrensesnittet og få tilgang til sidepanela.
Byter til normalvising, der du kan laga og redigera lysbilete.
Byt til disposisjonsvising, der du kan omorganisera lysbileta og endra titlar og overskrifter.
Byt til notatvising, der du kan leggja til notat til lysbileta. Publikum får ikkje sjå notata når du viser presentasjonen.
Byt til støttearksida der du kan forminska lysbileta slik at dei får plass på ei utskriftsside.
Viser miniatyrversjonar av lysbileta slik at det er lett å endra rekkjefølgja.
Byter til hovudlysbiletvising, der du kan leggja til element du vil skal visast på alle lysbileta som brukar den same hovudutforminga.
Vis hovudutforminga der du kan velja standardformateringa for notat.
Opnar ein undermeny for å visa eller gøyma verktøylinjer. Ei verktøylinje inneheld knappar og val som gjer det lett å bruka LibreOffice-kommandoar.
Viser eller gøymer statuslinja nedst i vindauget.
Vis eller gøym linjalane øvst og på venstre eller høgre kant av arbeidsområdet.
Vis eller skjulSideruteLysbiletrute.
Slår rutenettet og hjelpelinjene av og på for å gjera det enklare å flytta og plassera objekt nøyaktig på sida.
Bestemmer visingsalternativa for festelinjer.
Hjelpelinjer for flytting av objekt
Vel om hjelpelinjene skal vera synlege medan du flyttar eit objekt.
Vis lysbilete i fargar, gråtonar eller svart-kvitt.
Merknadar
Vis eller gøym notat i presentasjonen.
Bakgrunn til hovudutforminga
Slår av og på visinga av bakgrunnen i hovudutforminga som skal brukast som bakgrunn i det gjeldande lysbiletet.
Hovudutformingsobjekt
Slår av og på visinga av bakgrunnen i hovudutforminga vist i det gjeldande lysbiletet.
Legg inn topptekst, botntekst, dato og plasshaldarar for lysbiletnummer i hovudlysbiletet.
Sidepanelet er eit loddrett grafisk brukargrensesnitt som først og fremst vert brukt for å setje kontekstuelle eigenskapar, stilhandsaming, vise dokumentstrukturen, vise mediegalleriet og fleire funksjonar.
Opnar stilhandsamaren i sidepanelet med ei liste over alle tilgjengelege bilet- og presentasjonsstilar som du kan bruka eller redigera.
Opnar galleriruta i sidepanelet der du kan velja bilete og lydklipp som skal setjast inn i dokumentet.
Vis dokumentstrukturen slik at du raskt kan hoppa til andre lysbilete eller veksla mellom opna filer.
Opnar dialogvindauget Skaler og vis oppsett slik at du kan setja forstørringsfaktoren for visinga av det gjeldande dokumentet.