LibreOffice 7.5 Hjelp
Denne sida viser hjelpeemna for menyar og dialogvindauge.
Det vindauget som inneheld det dokumentet du vil arbeida med må vera vald for at du skal kunna bruka menyane. Du må òg velja eit objekt i dokumentet før du kan bruka menyval som høyrer til det objektet.
Menyane endrar seg med samanhengen, slik at menyvala passar til det du arbeider med. Dersom skrivemerket står i ein tekst, kan du bruka alle dei menyvala som har med tekst å gjera. Dersom du har merkt eit bilete, er menyvala tilpassa biletredigering.
Dette er funksjonar som gjeld dokumentet du arbeider med, opning av eit dokument som finst frå før og avslutting av programmet.
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka for å endra innhaldet i det gjeldande dokumentet.
Denne menyen inneheld kommandoar for å kontrollera visinga av dokumentet på skjermen, endre brukargrensesnittet og få tilgang til sidepanela.
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å setja inn nye element i dokumentet. Du kan for eksempel bruka desse funksjonane til å setja inn bilete, objekt, spesialteikn og andre filer.
Inneheld staveverktøy, ei biletsamling og verktøy for tilpassing av menyar og programinnstillingar.