LibreOffice 24.8 Hjelp
Du kan gjera om tekstteikn til kurver som du kan redigera og endra storleiken på, akkurat som du ville gjort med andre teikneobjekt. Når du gjer om tekst til eit teikneobjekt, kan du ikkje redigera innhaldet i teksten.
Merk teksten som du vil gjera om og gjer eitt av følgjande:
I LibreOffice Draw, vel Form → Gjer om → Til kurve.
I LibreOffice Impress, høgreklikk på objektet og vel så Gjer om → Til kurve.
Viss teksten inneheld meir enn eitt teikn, vert den omgjorde teksten eit gruppert objekt. Dobbeltklikk på gruppa for å redigera enkelte objekt. Trykk Esc-tasten når du er ferdig.
Trykk nå på symbolet Punkt på verktøylinja Teikning. Trykk på objektet. Du kan sjå alle bézierpunkta til objektet. På verktøylinja Rediger punkt kan du finna eit utval av ulike symbol for å redigera, setja inn og sletta punkt.