Visa ei lysbiletframvising

Det finst fleire måtar å starta ei lysbiletframvising på. Når ei lysbiletframvising køyrer, kan du styra presentasjonen med tastatur eller mus.

Som standard byrjar ein presentasjon alltid med det første lysbiletet. Du flytter manuelt gjennom lysbileta til siste lysbiletet er nådd. Du kan endra desse innstillingane.

Køyra ei lysbiletframvising

Tipsikon

Viss du vil at alle lysbiletframvisingane skal byrja med det gjeldande lysbiletet i staden for det første, vel > → LibreOffice Impress → Generelt og trykk på Alltid med gjeldande lysbilete.


Tipsikon

Trykk Esc for å avbryta presentasjonen før han er ferdig.


Mange fleire tastar er tilgjengelege for å styra ei lysbiletframvising. Du kan også høgre-klikka for å opna ein meny med nyttige kommandoar.

Visa ei lysbiletframvising automatisk (kioskmodus)

For å byta automatisk til det neste lysbiletet, må du velja ein lysbiletovergang for kvart lysbilete.

  1. Opna sidepanelet Lysbiletovergang

  2. Trykk på Gå til neste lysbilete i området Lysbiletovergang og vel ei tid.

  3. Trykk Bruk på alle lysbilete.

Tipsikon

Du kan bruka ulike tider for når kvart lysbilete skal byta til det neste lysbilete. Funksjonen Øv på tidsbruk kan hjelpa deg med å få høveleg tid mellom bileta.


For å gå fram til det første lysbiletet etter at alle lysbileta er viste, må du setja lysbiletframvisinga til automatisk å visast om igjen.

  1. Vel Lysbiletframvising → Innstillingar for lysbiletframvising

  2. Trykk på Auto i typeområdet og vel kor lang pausen skal vera mellom visingane.

Køyra ei lysbiletframvising frå ei fil

Du kan starta LibreOffice frå ei kommandolinje og bruka parameteren -show og eit Impress-filnamn. Viss du for eksempel vil starta fila filnamn.odp frå ei kommandolinje, skriv du denne kommandoen:

soffice -show filnamn.odp

Føresetnaden er at office er i filstien til datamaskinen og at filnamn.odt finst i den gjeldande mappa.

Støtt oss!