Øv på tidsbruk og lysbiletskift

LibreOffice hjelper deg med å finna dei rette tidspunkta for automatisk lysbiletskift.

Gjer klar lysbileta, start visinga ved å bruka eit spesielt ikon, fortel det imaginære publikumet det du vil fortelja medan du viser det første lysbiletet, gå så vidare og gjer det same med det neste lysbiletet og så vidare. LibreOffice registrerer visingstida for kvart lysbilete, så neste gong du spelar av presentasjonen med automatiske lysbiletskift, vert kvart lysbilete vist så lenge som du bestemte.

Slik spelar du inn ein presentasjon med tidtaking

  1. Opna ein presentasjon og skift til visinga Lysbiletsortering.

  2. Start visinga ved å klikka på ikonet Øv på tidsbruk Ikon på linja for lysbiletvisinga. Du ser det første lysbiletet og ei stoppeklokke i det nedste hjørnet.

  3. Når det er på tide å gå til det neste lysbiletet, trykk på stoppeklokka. For å behalda standardinnstillingane for dette lysbiletet, kan du trykkja på lysbiletet, men ikkje på stoppeklokka. Hald fram slik med alle lysbileta i presentasjonen.

  4. LibreOffice har registrert visingstida for kvart lysbilete. Lagra presentasjonen.

  5. Viss du vil at heile presentasjonen skal køyrast automatisk på nytt, opna menyen Lysbiletframvising → Innstillingar for lysbiletframvising. Trykk på Vis om igjen etter og deretter på OK.

Støtt oss!