LibreOffice 24.2 Hjelp
Du kan setja standardinnstillingane for utskriving for LibreOffice Impress ved å bruka .
Vel Fil → Skriv ut.
Klikk på LibreOffice Impress eller fana Innstillingar og vel skrivarinnstillingar der.
Desse innstillingane overstyrer standardinnstillingane for utskriving i berre for den gjeldande utskrivinga.
Vel
.Merk oppføringa «Støtteark» i dokumentlista på fana Generelt i dialogvindauget Skriv ut.
Vel kor mange bilete som skal skrivast ut på kvar papirside.
Klikk på fana «Støtteark».
Vel Set inn → Sidetal for å opna dialogfeltet Topptekst og botntekst.
Trykk på Notat og støtteark for å skriva inn topp- og botntekst for støtteark.
Dette dialogvindauget har fire område der du kan kryssa av for topptekst, dato og klokkeslett, botntekst og sidenummer. Desse fire områda svarar til dei fire områda i hjørna av hovudutforminga for støtteark.
Skriv inn tekst for topptekst, botntekst og dato. Merk feltet Sidenummer viss du vil nummerera sidene til støttearket. Kontroller at det er kryssa av for Topptekst viss du ønsker at toppteksten skal skrivast ut.
Trykk på Bruk på alle
Felta i hovudutformingsvisinga for støtteark på skjermen vert ikkje oppdaterte, men teksten som du skreiv inn vert skrive ut.
Vel
.Klikk på dokumentlista og vel kva innhaldstype som skal skrivast ut.
Vel Støtteark eller Notat og vel kor mange lysbilete som skal skrivast ut på kvar papirside.
Viss du vil bruka eit anna oppsett for lysbileta på dei utskrivne papirsidene, kan du bruka musa for å flytta lysbileta omkring på støttearkvisinga.
Vel Vis → Lysbiletsortering
Hald nede Shift-tasten og trykk på området med lysbileta du vil skriva ut.
Vel Fil → Skriv ut.
Klikk på Lysbilete i området Område og kopiar.
Skriv inn nummera på dei lysbileta som skal skrivast ut og trykk OK.