Bruka presentasjonskonsollen

Presentasjonskonsollen viser presentasjonen på ein ekstern skjerm (projektor eller stort fjernsyn) medan kontrollelementa for presentasjonen vert viste på dataskjermen.

Presentasjonskonsollen gjev ekstra kontroll på lysbiletvisinga ved å bruka ulik vising på dataskjermen og skjermen sett av publikum. På dataskjermen vert det gjeldande lysbiletet og det neste lysbiletet vist saman med eventuelle notat og ei presentasjonsklokke.

note

Presentasjonskonsollen verkar berre på operativsystem som har støtte for å visa fleire skjermar og berre når to skjermar er tilkopla. Den eine skjermen kan vera skjermen til den berbare datamaskinen.


Aktivering av presentasjonskonsollen

Slik slår du på presentasjonskonsollen

Dialogvindauget for generelle innstillingar i Impress

Slik slår du på presentasjonskonsollen

Kontrollelementa i presentasjonskonsollen

Kontrollelementa i presentasjonskonsollen

Tastatursnarvegar i presentasjonskonsollen

Når du køyrer ei lysbiletframsyning i presentasjonskonsollen, kan du bruka desse tastane:

Handling

Tast(ar)

Neste lysbilete eller neste effekt

Venstreklikk, pil høgre, pil ned, mellomrom, Page Down, Enter, Return

Førre lysbilete eller førre effekt

Høgreklikk, Pil venstre, Pil opp, Page Up, Rettetast

Bruk musepeikaren som penn

'P'

Fjern alt blekk frå lysbiletet

'E'

Første lysbilete

Heim

Siste lysbilete

Slutt

Førre lysbilete utan effektar

Alt+Page Up

Neste lysbilete utan effektar

Alt + Page Down

Slå av eller på svart skjermbilete

«B», «.»

Slå av eller på kvit skjerm

'W', ','

Avslutt lysbiletframvisinga

Escape, «-»

Gå til lysbiletnummer

Eit tal følgt av «Enter»

Auk eller minsk storleiken på skrifta for merknadar

«G», «S»

Rull opp eller ned i merknadane

«A», «Z»

Flytt innsetjingsteiknet i merknadsvisinga framover/bakover

«H», «L»

Vis presentasjonskonsollen

Ctrl + «1»

Vis presentasjonsnotata

Ctrl + «2»

Vis lysbiletoversynet

Ctrl-'3'

Byt skjermar

+ '4'

Slå av peikaren som penn

+ 'A'


Presentasjonskonsollmodus

Normalmodus

I normalmodus vert det gjeldande lysbiletet vist til venstre og det neste lysbiletet til høgre på dataskjermen.

Presentasjonskonsollen i normalmodus

Modus for notatside

I notatmodus vert det gjeldande lysbiletet vist til venstre, notata til høgre og neste lysbilete under det gjeldande lysbiletet.

Notatmodus

Lysbiletsorteringsmodus

Lysbiletsorteringsmodus viser alle lysbileta på dataskjermen slik at du kan velja kva lysbilete som skal visast utanfor normal rekkjefølgje.

Modus lysbiletsortering

Støtt oss!