Impress fotoalbum

Set eit fotoalbum inn i presentasjonsdokumentet.

Fotoalbumet i Impress er ein rask måte å setja inn fleire bilete i ein presentasjon og for å laga eit dokument som skal køyrast kontinuerleg i ei kiosk- eller multimediavising.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Media → Fotoalbum


Dialogvindauget for Impress fotoalbum

Setja eit fotoalbum inn i presentasjonen

  1. Opna ein eksisterande eller tom presentasjon.

  2. Gå til lysbiletet som er framføre fotoalbumet.

  3. Vel Set inn → Media → Fotoalbum

  4. Trykk på Legg til i dialogvindauget «Lag fotoalbum».

  5. Finn filene du vil leggja inn.

    Merknadsikon

    Viss det er fleire bilete i den same mappa, kan du merkja ei gruppe ved å halda nede Shift eller medan du klikkar på filnamna.


  6. Trykk på Opna for å leggja bileta inn i fotoalbumet.

    Tipsikon

    Trykk på eit filnamn for å visa det i området Førehandsvising.


  7. Vel i Lysbiletoppsett kor mange bilete som skal visast på kvart lysbilete.

  8. Merk av for Legg tekst til kvart bilete for å setja inn ein tekstboks til bilettekst.

  9. Merk av for Hald fast på høgd/breidd-forholdet slik at bileta ikkje vert viste feil. Heile biletet vert då vist i lysbiletet.

  10. Merk av for Fyll skjermen for at biletet skal fylla heile presentasjonsskjermen. Biletet kan verta større enn lysbiletet.

  11. Merk av for Lenk bilete for å lenkja biletet til ein stad i datamaskinen eller på Internett. Biletet vert då ikkje innebygd i presentasjonen.

  12. Klikk på Set inn lysbilete.

warning

Om du klikkar på angra-knappen, vert ikkje fotoalbumet sletta. Skal du sletta eit bilete, høgreklikkar du på det i lysbiletpanelet og vel Slett lysbilete for å fjerna biletet frå albumet.


Støtt oss!