Lasta inn fargelister, fargeovergangslister og skraveringslister

Du kan bruka lister for å organisera fargar, fargeovergangar og skraveringsmønster. LibreOffice har fleire lister som du kan henta inn og bruka i dokumentet ditt. Viss du vil, kan du leggja til eller sletta element frå ei liste eller til og med laga dine eigne lister.

Slik opnar du ei fargeliste:

  1. Vel Format → Område og trykk på fana Fargar.

  2. Trykk på knappen Last inn fargeliste.

  3. Finn fargelista som du vil opna og trykk på Opna. Ei fargelistefil har formatet [filnamn].soc.

Trykk på knappen Lagra fargeliste og skriv inn eit namn på lista og trykk på Lagra for å lagra fargelista.

CMYK-lista er optimert for fargar i utskrift. Fargane i Web-lista og HTML-lista er optimert for bruk på skjermar med 256 fargar. Palettane libreoffice.soc og tango.soc inneheld dei offisielle fargane for LibreOffice og Tango.

Slik opnar du ei fargeovergangsliste:

  1. Vel Format → Flate og trykk på fana Fargeovergangar.

  2. Trykk på knappen Opna fargeovergangliste.

  3. Finn fargeoverganglista du vil opna og trykk på Opna. Ei fargeoverganglistefil har formatet [filnamn].sog.

For å lagra ei fargeovergangliste, trykk på knappen Lagra fargegovergangliste, skriv inn eit filnamn og trykk på Lagra.

Slik opnar du ei skraveringsliste:

  1. Vel Format → Område og trykk på fana Skravering.

  2. Trykk på knappen Opna skraveringsliste.

  3. Finn den skraveringslista du vil opna og trykk på Opna. Ei skraveringslistefil har formatet [filnamn].soh.

For å lagra ei skraveringsliste, trykk på knappen Lagra skraveringsliste, skriv inn eit filnamn, og trykk så på Lagra.

Format → Område

Henting av linje- og pilstilar

Støtt oss!