LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel eit verktøy frå verktøylinja Flytdiagram på verktøylinja Teikning.
Dra ein figur på lysbiletet.
Gjenta dei siste stega for å leggja til fleire figurar
Opna verktøylinja Sambandslinjer på verktøylinja Teikning og vel ei sambandslinje.
Flytt peikaren over kanten av ein figur slik at sambandspunkta vert viste.
Trykk på ein sambandsstad, dra til ein sambandsstad på ein annan figur og slepp.
Gjenta dei siste stega for å leggja til fleire sambandslinjer.
Nå har du den vanlege disposisjonen for flytdiagrammet.
Gjer éin av desse:
Dobbeltklikk på figuren og skriv eller lim inn teksten.
Trykk på ikonet Tekst på Teikning-linja og dra eit tekstobjekt over figuren. Skriv eller lim inn din eigen tekst i tekstobjektet.
Merk figuren og vel Format → Område.
Vel Farge og trykk på ein farge i lista.
Tildel samhandlingar for nokre objekt i lysbiletet.
Merk objektet og vel deretter Lysbiletframvising → Samhandling.
Vel ei samhandling i dialogvindauget. For eksempel, vel å gå til det neste lysbiletet når brukaren trykkjer på objektet.