Redigering av kurver

Eit kurva linjestykke inneheld to datapunkt (endepunkt) og to kontrollpunkt (handtak). Ei kontrollelementlinje bind eit kontrollpunkt til eit datapunkt. Du kan endra forma pÄ ein kurve ved Ä gjera om eit datapunkt til ein annan type, eller ved Ä dra kontrollelementpunkta til ein annan stad.

Du kan ogsĂ„ redigera eigenskapane for ei linje ved Ă„ merkja linja og velja Format → Linje.

Ikon

For Ä sjÄ datapunkta og kontrollpunkta til ei kurva linje kan du merkja linja og trykkja pÄ ikonet Punkt pÄ verktÞylinja «Teikning». Datapunkta vert viste med firkantar og kontrollpunkta med sirklar. Eit kontrollpunkt kan overlappa eit datapunkt.

Slik justerer du eit kurva linjesegment:

  1. Merk ei kurva linje og trykk pÄ ikonet Punkt pÄ verktÞylinja Teikning.

  2. Gjer Ă©in av desse:

Slik deler du ei kurva linje:

Du kan berre dela ei kurva linje som har tre eller fleire datapunkt.

  1. Merk ei kurva linje og trykk pÄ ikonet Punkt pÄ verktÞylinja Teikning.

  2. Merk eit datapunkt og trykk pÄ ikonet Del opp kurve pÄ verktÞylinja Rediger punkt.

Slik lagar du ein lukka figur:

  1. Merk ei kurva linje og trykk pÄ ikonet Punkt pÄ verktÞylinja Teikning.

  2. Klikk pÄ ikonet Lukk bézier pÄ verktÞylinja Rediger punkt.

Slik kan du konvertera eit datapunkt pÄ ei kurva linje:

  1. Merk ei kurva linje og trykk pÄ ikonet Punkt pÄ verktÞylinja Teikning.

  2. Klikk pÄ datapunktet du vil konvertera og gjer eitt av fÞlgjande:

Slik legg du til eit datapunkt:

  1. Merk ei kurva linje og trykk deretter pÄ ikonet Punkt pÄ verktÞylinja Teikning.

  2. Trykk pÄ ikonet Set inn punkt pÄ verktÞylinja Rediger punkt.

  3. Klikk pÄ linja der du vil leggja til punktet og dra det ut litt.

Tipsikon

Viss eit datapunkt ikkje har eit kontrollpunkt, merk datapunktet og trykk sÄ pÄ ikonet Gjer om til kurve pÄ verktÞylinja Rediger punkt.


Slik slettar du eit datapunkt:

  1. Merk ei kurva linje og trykk deretter pÄ ikonet Punkt pÄ verktÞylinja Teikning.

  2. Klikk pÄ punktet du vil sletta.

  3. Klikk pÄ ikonet Slett punkt pÄ verktÞylinja Rediger punkt,.

StĂžtt oss!