Henting av linje- og pilstilar

Du kan bruka stilar for å organisere liknande linje- og pilstilar. LibreOffice tilbyr nokre standardstilar som du kan henta og bruka i dokumentet. Viss du vil, kan du leggja til eller sletta element frå ei stilfil eller til og med oppretta ei tilpassa stilfil.

Slik opnar du ei linjestilfil:

  1. Vel Format → Strek og trykk der på fana Linjetypar.

  2. Trykk på knappen Opna linjestilar.

  3. Finn fila som inneheld linjestilane du vil lasta inn og trykk så på OK. Fila har formatet [filnamn].sod.

For å lagra ei linjestilfil, kan du trykkja på knappen Lagra linjestilar, skriva inn eit namn på fila og klikka på OK.

Slik opnar du ei pilstilfil:

  1. Vel Format → Strek og klikk på fana Pilstilar.

  2. Trykk på fana Hent pilstilar.

  3. Finn fila som inneheld pilstilane du vil lasta inn, og trykk så på OK. Fila har formatet [filnamn].soe.

For å lagra ei pilstilfil, kan du trykkja på knappen Lagra pilstilar, skriva inn namnet på fila og trykkja på OK.

Format → Strek

Lasta inn fargelister, fargeovergangslister og skraveringslister

Støtt oss!