Laga ei tilpassa lysbiletframvising

Du kan oppretta ei tilpassa lysbiletframvising for eit bestemt publikum ved å bruka utvalde lysbilete frå den gjeldande presentasjon.

Slik lagar du ei tilpassa lysbiletframvising:

Dialogvindauget for utforming av brukardefinerte framvisingar

  1. Vel Lysbiletframvising → Tilpassa lysbiletframvising.

  2. Klikk Ny og skriv inn eit namn på lysbiletframvisinga i feltet Namn.

  3. Merk dei lysbileta som skal vere med i framvisinga i Eksisterande lysbilete. Klikk så på knappen >>. Hald nede Shift-tasten for å velja fleire samanhengande lysbilete eller «Ctrl» for å velja fleire spreidde lysbilete.

Du kan endra rekkjefølgja for lysbileta i lysbiletframvisinga ved å dra og sleppa lysbileta under Valde lysbilete.

Slik startar du ei tilpassa lysbiletframvising:

Dialogvindauget for utforming av brukardefinerte framvisingar

  1. Vel Lysbiletframvising → Tilpassa lysbiletframvising.

  2. Vel frå lista den lysbiletframvisinga du vil starta.

  3. Trykk på Start.

tip

Viss du ønskjer at den valde, tilpassa lysbiletframvisinga skal byrja når du klikkar på ikonet Lysbiletframvising på verktøylinja Presentasjon, eller når du trykkjer «F5», vel Bruk tilpassa lysbiletframvising.


Innstillingar for køyring av lysbiletframvising

Slik byrjar du alltid ei lysbiletframvising frå det gjeldande biletet:

  1. Vel → LibreOffice Impress → Generelt.

  2. I området Start presentasjon kan du merkja av avkryssingsfeltet Alltid med denne sida.

warning

Ikkje vel denne innstillinga viss du vil køyra ei tilpassa lysbiletframvising.


Slik gøymer du eit lysbilete:

Du gøymer det gjeldande lysbiletet ved å trykkja på knappen Gøym lysbilete.

  1. Du kan gøyma fleire lysbilete samstundes ved å velja Vis → Lysbiletsortering og merkja dei lysbileta du vil gøyma.

  2. Vel Lysbiletframvising → Gøym lysbilete

    Lysbiletet vert ikkje fjerna frå dokumentet.

Slik viser du eit gøymd lysbilete:

  1. Vel Vis → Lysbiletsortering og merk så det gøymde lysbiletet eller dei gøymde lysbileta du vil visa.

  2. Vel Presentasjon → Vis/gøym lysbilete.

Støtt oss!