Bruk av festepunkt

I Impress og Draw kan du kopla saman to figurar med ei linje som vert kalla ei sambandslinje. Når du teiknar ei sambandslinje mellom figurar, vert sambandslinja kopla til eit festepunkt på kvar figur. Kvar figur har nokre standardfestepunkt. Plasseringa av standardfestepunkta er avhengig av figuren. Du kan også leggja til dine eigne festepunkt til ein figur og så kopla sambandslinjer på dei sjølvdefinerte festepunkta.

Slik legg du til og redigerar festepunkt

  1. Gjer eitt av følgjande for å gjere eksisterande festepunkt synlege for alle elementa:

  2. Klikk på ikonet Set inn festepunkt på verktøylinja for festepunkt.

  3. Merk elementet i lysbiletet som du vil leggja til festepunkt i.

  4. Klikk inne i figuren der du vil leggja til det nye festepunktet.

    Viss figuren er fylt, kan du trykkja kvar som helst inne i figuren. Viss figuren ikkje er fylt, kan du trykke på kanten for å setja inn eit festepunkt. Når festepunktet er sett inn, kan du dra det til ein annan stad inne i figuren.

Med dei fire ikona ved sida av ikonet Set inn festepunkt kan du velja dei retningane som er tillatne for ei sambandslinje på dette festepunktet. Du kan velja ein eller fleire retningar for eit konkret festepunkt.

Viss ikonet Relativ festepunktsplassering er aktivert, vert festepunktet flytt når du endrar storleiken på objektet for å halda plasseringa i forhold til objektkantane.

Viss ikonet Relativ festepunktsplassering ikkje er aktivert, vil ikkje ikona ved sida av ikonet vera merkte som inaktive. Du kan med desse ikona bestemma kor eit festepunkt vert plassert når storleiken på objektet vert endra.

Støtt oss!