Legg ein topptekst eller botntekst til alle lysbileta

Kvart lysbilete er basert pÄ eit hovudlysbilete. Tekst, bilete, tabellar, felt eller andre objekt som du set inn i hovudlysbiletet er synlege som bakgrunn pÄ alle lysbileta som er basert pÄ dette hovudlysbiletet.

Det finst hovudutformingar til lysbilete, merknadar og stĂžtteark.

Leggja til fĂžrehandsdefinerte topptekst- og botntekst-objekt

Alle typar hovudutformingar har nokre fÞrehandsdefinerte omrÄde som inneheld dato, botntekst og lysbiletnummer.

NÄr du skifter til hovudutformingsvisinga, kan du flytta omrÄda til ein vilkÄrlig stad pÄ hovudutforminga. Du kan fÞya til meir tekst og endra storleiken pÄ omrÄda. Du kan velja innhaldet i omrÄda og bruka tekstformat. Du kan for eksempel endra skriftstorleiken eller fargen.

tip

Et fÞrehandsdefinert topptekstomrÄde er berre tilgjengeleg for notat og stÞtteark. Viss du vil ha eit topptekstomrÄde pÄ alle lysbileta, kan du flytta botntekstomrÄdet til toppen av hovudlysbiletet.


Objekt som du set inn pÄ eit hovudlysbilete er synlege pÄ alle lysbileta som er baserte pÄ dette hovudlysbiletet.

  1. Vel Set inn → Topp- og botntekst.

    Du ser et dialogvindauge med to faner:Lysbilete og Merknadar og stÞtteark der du kan skriva inn innhald til dei fÞrehandsdefinerte omrÄda.

    Dialogvindauget for topp- og botntekst

    Som standard er det kryssa av for feltet Dato og tid, men formatet er sett til fast og tekstfeltet er tomt, sÄ dato og klokkeslett er ikkje synleg pÄ lysbileta.

    Som standard er det kryssa av for feltet Botntekst, men tekstfeltet tomt sÄ det vert ikkje vist nokon botntekst pÄ lysbileta.

    Som standard er feltet Lysbiletnummer tomt, sÄ ingen lysbiletnummer vert viste.

  2. Skriv inn eller merk innhaldet som skal vera synleg pÄ alle lysbileta.

  3. Viss du vil endra plasseringa og formateringa av hovudobjekta, vel Vis → Hovudutforming for lysbilete.

    Du ser hovudlysbiletet med omrÄde nÊr botnen. Du kan flytta omrÄda og du kan merka felta og angje formatering. Du kan ogsÄ angje tekst som skal visast ved sida av felta.

  4. Trykk pÄ DatoomrÄdet og flytt dato/klokkeslett-feltet. Merk dato/klokkeslett-feltet og bruk formatering for Ä endra mÄten dato og klokkeslett skal visast for alle lysbileta. Det same gjeld for botntekstomrÄdet og lysbiletnummeromrÄdet.

  5. Normalt er dei fĂžrehandsdefinerte elementa i hovudlysbiletet sett til Ă„ vera synlege i presentasjonen. Du kan kontrollera om desse skal vera synlege eller ikkje frĂ„ Lysbilete → Element i hovudutforminga.

    Dialogvindauget for hovudutforming

Legg til tekstobjekt som topptekst- eller botntekstobjekt

Du kan leggja til eit tekstobjekt kvar som helst i hovudlysbiletet.

  1. Vel Vis → Hovudutforming for lysbilete.

  2. On the Drawing bar, select the Text iconIkon.

  3. Dra i hovudlysbiletet for Ä teikna eit tekstobjekt og sÄ skriva eller lima inn teksten.

  4. Vel Vis → Normal nĂ„r du er ferdig.

tip

Du kan ogsĂ„ leggja til felt som for eksempel datoen eller sidetal til ein topptekst eller ein botntekst ved Ă„ velja Set inn → Felt.


StĂžtt oss!