Endra bakgrunnsfyllinga for side

Du kan endra bakgrunnsfargen eller bakgrunnsfyllet på den gjeldande sida eller alle sidene i dokumentet. Som bakgrunnsfyll kan du bruka skravering, ein fargeovergang eller eit bilete.

Viss du vil endra bakgrunnsfyllet i alle lysbileta, vel Vis → Hovudside. For å endra bakgrunnsfyllet for eitt lysbilete, vel Vis → Normal.

For å bruka ein farge, ein fargeovergang eller eit skraveringsmønster som bakgrunn i ei side

  1. Vel Side → Eigenskapar og trykk på fana Bakgrunn.

  2. I området Fyll, gjer éin av desse:

    Vel Farge og trykk på ein farge i lista.

    Vel Fargeovergang og trykk så på ein overgangstil i lista.

    Vel Skravering og trykk så på ein skraveringsstil i lista.

  3. Trykk OK.

For å bruka eit bilete som bakgrunn i ei side

Du kan visa eit fullt bilete som bakgrunn i ei side, eller du kan visa biletet fleire gongar side om side for å laga ein mønstra bakgrunn.

  1. Vel Side → Eigenskapar og trykk på fana Bakgrunn.

  2. Vel Bilete i området Fyll og trykk på eit bilete i lista.

    note

    For å bruka eit tilpassa bilete for side-bakgrunnen, trykk på knappenImporter. Finn fram til biletet og trykk på Opna. Når du går tilbake til fana Bakgrunn ser du det importerte biletet i lista over Bilete.


  3. Gjer éin av desse:

    For å visa heile biletet som bakgrunnen, fjern krysset frå feltet Side om side i området Plassering og vel Tilpass automatisk.

    For å visa bakgrunnsbiletet side om side, vel Side om side og angje innstillingane for Storleik, Plassering og Forskyving for biletet.

  4. Trykk OK.

Denne endringa gjeld berre det gjeldande presentasjons- og teiknedokumentet.

For å lagra ei ny hovudside som mal

  1. Vel Vis → Hovudside for å byta til hovudsida.

  2. Vel Side → Eigenskapar for å endra sidebakgrunnen, eller vel andre formateringskommandoar. Objekt som du legg til her vert synlege på alle sidene som er baserte på denne hovudsida.

  3. Vel Vis → Normal for å lukka hovudvisinga.

  4. Vel Fil → Malar → Lagra som Mal for å lagra dokumentet som ein mal.

  5. Skriv inn eit namn for malen. Ikkje bruk annan kategori enn «Mine malar». Trykk OK.

Nå kan du bruka malvindauget for å opna ein ny presentasjon eller ei ny teikning basert på den nye malen.

Støtt oss!