Animering av lysbiletovergangar

Du kan leggja til ein spesialeffekt som vert brukt når du viser eit lysbilete.

Slik legg du ein overgangseffekt til eit lysbilete

  1. I Normal-vising, merk det lysbiletet som du vil leggja overgangseffekten til.

  2. I panelet Oppgåver, klikk Lysbiletovergang.

  3. Vel ein lysbiletovergang frå lista.

Du kan førehandsvise overgangen i dokumentvindauget.

Merknadsikon

På lysbiletpanelet vert symbolet vist ved sida av førehandsvisinga av bileta som har lysbiletovergang. Når du viser lysbileta med presetasjonskonsollen, vil symbolet visa at det neste lysbiletet har ein overgang.


Slik brukar du same overgangseffekten på fleire lysbilete

  1. Gå til Biletsortering og merk biletet som overgangseffekten skal brukast på.

    Om ønskjeleg kan du bruka verktøylinja for Forstørring Ikon forstørring for å endra målestokken for lysbileta.

  2. Klikk på lysbiletovergang i oppgåvepanelet.

  3. Vel ein lysbiletovergang frå lista.

For å sjå overgangseffekten til eit lysbilete kan du klikka på det vesle ikonet under lysbiletet på Lysbiletpanelet.

Slik fjernar du ein overgangseffekt

  1. Merk lysbileta du vil fjerna overgangseffekten frå i visinga Lysbiletsortering.

  2. Vel Ingen overgang i listeboksen i panelet Oppgåver.

Støtt oss!