LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan bruka førehandsdefinerte effektar for objekt på lysbiletet.
På eit lysbilete i Normal vising, vel objektet som du vil animera.
Vel Format → Animasjon for å opna animasjonsvindauget i sidepanelet. Trykk på knappen Legg til (+) og vel deretter ein animasjonseffekt.
I dialogvindauget Tilpassa animasjon kan du klikka på ein fane for å velja mellom kategoriar av effektar. Klikk på ein effekt og klikk deretter på OK.
For å visa animasjonen på førehand, klikk på knappen Spel av.
I sidepanelet vert det vist symbolet ved sida av førehandsvisinga av dei lysbileta som har eitt eller fleire objekt med tilpassa animasjon. Når du viser lysbileta med presentasjonskonsollen, viser ikonet
at det neste biletet har tilpassa animasjon.
Eit objekt kan verta animert slik at det flytter seg langs ein rørslebane. Du kan bruka førehandsdefinerte eller eigne rørslebanar.
Viss du vel «Kurve», «Mangekant» eller «Frihandslinje» vert dialogvindauget lukka og du kan teikna din eigen bane. Viss teikninga vert fullført utan avbrot, vert den oppretta banen fjerna frå dokumentet og sett inn som ein rørslebaneeffekt.
Redigera rørslebanar
Viss panelet «Tilpassa animasjon» er synleg vert rørslemønsteret for alle effektane i det gjeldande biletet teikna som eit gjennomsiktig lag på biletet. Alle stiar er synlege heile tida. Det er difor lett å opprette etterfølgjande stiar.
Eit rørslemønster kan veljast ved å klikka på stien. Ein markert sti har støtte for handtak og kan flyttast og skalerast som ein figur. Eit dobbeltklikk på ein sti startar redigeringsmoduset for punkt. Redigeringsmoduset for punkt kan også startast med F8.
eller ved å trykkja påOpna eit bilete i Normal vising og marker objektet som effekten skal fjernast frå.
Vel Lysbiletframvising → Tilpassa animasjon.
Trykk OK.