LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan animera teikneobjekt, tekstobjekt og biletobjekt (bilete) på lysbileta dine for å gjera presentasjonen meir interessant. I LibreOffice Impress er det ein enkel animasjonsredigerar der du kan laga animasjonsbilete (rammer) ved å setja saman objekt frå lysbileta dine. Animasjonseffekten vert laga ved at dei statiske biletrammene vert viste ei kort stund før neste ramme vert vist.
Viss du lagar ein biletanimasjon (animert GIF), kan du bestemma kor lenge kvar ramme skal visast og kor mange gongar animasjonen skal spelast av.
Merk eit objekt eller ei gruppe med objekt som du vil ta med i animasjonen og vel Set inn → Media → Animert bilete.
Gjer éin av desse:
Klikk på knappen Bruk objekt for å leggja eit enkelt objekt eller ei gruppe av objekt til den gjeldande animasjonsramma.
Klikk på knappen Bruk objekta kvar for seg for å oppretta ei eiga animasjonsramme for kvart av dei valde objekta.
Vel Bileteobjekt i området Animasjonsgruppe.
Bruk animasjonstidslinja for å bestemma kor lenge ei ramme skal viast og kor mange gongar ein animasjonssekvens skal køyrast (løkkekøyring).
Skriv inn eit rammenummer i feltet biletnummer (venstre felt).
I feltet Visingstid (det midtre feltet) skriv du inn kor mange sekund ramma skal visast.
Gjenta dei to siste stega for kvar ramme i animasjonen.
Du kan førehandsvisa animasjonen ved å bruka kontrollknappane til venstre for feltet Biletnummer.
Vel kor mange gongar du vil gjenta animasjonssekvensen i feltet Løkketal (høgre boks).
Vel ei justeringsinnstilling for objekta i feltet Justering.
Trykk på Start.