Omgjering av 2D-objekt til kurver, polygon og 3D-objekt

Du kan konvertera todimensjonale (2D) objekt for å laga ulike former. LibreOffice kan konvertera 2D-objekt til desse objekttypane:

To typar av 3D-objekt

Slik gjer du om eit objekt til ei kurveform:

  1. Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.

  2. Høgreklikk på objektet og vel Gjer om → Til kurve.

For å endra forma på objektet klikkar du på knappen Punkt Ikon på verktøylinja for Teikning og dreg i handtaka til objektet. Du kan også dra kontrollpunkta til eit handtak for å endra forma på kurven.

Slik gjer du om eit 2D-objekt til ein mangekant:

  1. Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.

  2. Høgreklikk på objektet og vel Gjer om → Til mangekant.

Du kan endra utsjånaden til objektet ved å klikka på knappen Punkt Ikon på verktøylinja for Teikning og dra i handtaka til objektet.

Slik omformar du eit 2D-objekt til eit 3D-objekt:

  1. Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.

  2. Klikk på knappen Utdriving på/av Ikon på verktøylinja for Teikning eller høgreklikk på objektet og vel Omform → Til 3D.

For å endra eigenskapane for 3D-objektet, kan du bruka verktøylinjene Linje og fyll og 3D-innstillingar.

Tipsikon

For å omforma eit tekstobjekt til 3D, brukar du knappen Fontwork Ikon på verktøylinja for teikning.


Slik gjer du om eit 2D-objekt til eit 3D-dreieobjekt:

Eit 3D-dreieobjekt vert laga ved å rotera det valde objektet omkring den loddrette aksen til objektet.

  1. Marker eit 2D-objekt på lysbiletet eller sida.

  2. Høgreklikk på objektet og vel Gjer om → Til 3D-dreieobjekt

For å endra eigenskapane til 3D-objektet, kan du bruka verktøylinjene «Strek og fyll» og «3D-innstillingar».

Tipsikon

Du kan rotera 2D-objektet før omforminga for å laga ein meir kompleks figur.


Støtt oss!