LibreOffice 24.8 Hjelp
Opna verktøylinja for der du kan leggja til rette linjer, linjer med piler og dimendjondlinjer til det gjeldande lysbiletet eller den gjeldande sida.
Dersom du ønskjer det, kan du leggja til ei pil etter du har teikna ei linje ved å velja Format → Linje og så velja ein pilstil frå «Stil»-boksen.
Teiknar ei rett linje. For å endra retninga på linja i steg på 45 grader held du nede «Shift» medan du dreg med musa.
Linje
Teikn ei rett linje som sluttar med ei pil. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.
Linje som sluttar med pil
Teikn ei rett linje som startar med ei pil og sluttar med ein sirkel. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.
Linje med pil/sirkel
Teikn ei rett linje som startar med ei pil og sluttar med eit kvadrat. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.
Linje med pil/sirkel
Teikn ei rett linje der retninga er avgrensa til steg på 45 grader.
Linje (45°)
Teikn ei rett linje som startar med ei pil.Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.
Linje som sluttar med pil
Teikn ei rett linje som startar med ein sirkel og sluttar med ei pil. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.
Linje med kvadrat/pil
Teikn ei rett linje som startar med eit kvadrat og sluttar med ei pil. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.
Linje med kvadrat/pil
Teiknar ei linje med endemerke som viser målet på pila. Målelinjer reknar automatisk ut lengder ut og viser dei. Du teiknar ei målelinje ved å opna verktøylinja Piler og trykkja på knappen Målelinje. Flytt peikaren til der du vil at linja skal byrja og dra for å teikna målelinja. Slepp museknappen når du er ferdig.
Dersom du ønskjer at målelinja skal ha same lengda som sida i eit nærliggjande objekt, held du nede tasten CommandCtrl medan du dreg linja. For å halda linja på 45 grader, held du nede tasten Shift medan du dreg linja.
I LibreOffice Draw vert det alltid sett inn ei dimensjonslinje i laget kalla Dimensjonslinjer. Set du dette laget til usynleg, vil du heller ikkje sjå dimensjonslinjer i teikninga.
Målelinje
Teikn ei rett linje med piler i begge endar. Hald «Shift»-tasten nede medan du dreg for å avgrensa linja til 45-graders vinklar.
Linje med piler