LibreOffice 25.2 Hjelp
Ved å bruka «Tilpass verktøylinja» kan du leggja til ellipsesymbolet som opnar verktøylinja Sirklar og ellipsar (klassisk).
Teiknar ein fylt ellipse der du dreg med musepeikaren i det gjeldende dokumentet. Klikk der du vil teikna ein ellipse og dra til den storleiken du vil ha. Hald nede Shift-tasten for å teikna ein sirkel.
Ellipse
Teiknar ein fylt sirkel. Klikk der du ønskjer å plassera sirkelen og dra ut sirkelen til den storleiken du vil ha. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna ein ellipse.
Sirkel
Teiknar ei fylt form styrt av bogen til ein oval og to radiuslinjer i dokumentet. Du teiknar ein ellipsesektor ved å dra ein oval til den storleiken du vil og så trykkja der første radius skal vera. Flytt musepeikaren til der du vil leggja den andre radiusen og trykk. Du treng ikkje trykkja på ovalen. Du teiknar ein sirkelsektor ved å halda nede Shift medan du dreg.
Ellipsesektor
Teiknar ein fylt figur som er basert på bogen i ein sirkel og to radiuslinjer i det gjeldane dokumentet. For å teikna eit sirkelsegment, dra sirkelen til den storleiken du ønskjer, og trykk så for å laga den første radiuslinja. Flytt musepeikaren til der du ønskjer å plassera den andre radiuslinja og trykk igjen. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. For å teikna eit ellipsesegment, hald nede Shift medan du dreg.
Sirkelsektor
Teiknar ein fylt figur som er basert på bogen i ein oval og ei diameterlinje. For å teikna eit ellipsesegment, dra ut ellipsen til den storleiken du vil ha, trykk så der du vil ha startpunktet til diameterlinja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet på diameterlinja og trykk. Du treng ikkje trykkja på ellipsebogen. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna eit sirkelsegment.
Ellipsesegment
Teiknar ein fylt figur som er basert på bogen i ein sirkel og ei diameterlinje i det gjeldande dokumentet. For å teikna eit sirkelsegment, dra ut sirkelen til den storleiken du vil ha han, trykk så der du vil ha startpunktet til diameterlinja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet for diameterlinja og trykk igjen. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna eit ellipsesegment.
Sirkelsegment
Teiknar ein tom oval. Klikk der du ønskjer å plassera ovalen og hald nede museknappen medan du dreg ut ovalen til den storleiken du vil ha han. Hald nede Shift-tasten samtidig som du dreg for å teikna ein sirkel.
Ellipse, utan fyll
Teiknar ein tom sirkel. Venstreklikk med musa der du ønskjer å plassera sirkelen og hald nede museknappen medan du dreg ut sirkelen til den storleiken du vil ha. Hald nede Shift-tasten samtidig som du dreg for å teikna ein ellipse.
Sirkel, utan fyll
Teiknar ei tom form definert av bogen til ein oval og to radiuslinjer i dokumentet. Du teiknar ein ellipsesektor ved å dra ein oval til den storleiken du vil og så trykkja der første radius skal vera. Flytt musepeikaren til der du vil setja den andre radiusen og trykk. Du treng ikkje trykkja på ovalen. Du teiknar ein sirkelsektor ved å halda nede Shift medan du dreg.
Ellipsesektor, utan fyll
Teiknar ein tom figur som er laga av bogen i ein sirkel og to radiuslinjer. For å teikna ein sirkelsektor, dra ein sirkel til den storleiken du ønskjer og trykk deretter venstre museknapp for å laga første radiuslinja. Flytt musepeikaren til der du vil ha den andre radiuslinja og trykk. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna ein ellipsesektor.
Sirkel, utan fyll
Teiknar ein tom figur som er basert på bogen i ein oval og ei diameterlinje. For å teikna eit ellipsesegment, dra ellipsen til den storleiken du vil ha, trykk så med musepeikaren der du vil ha startpunktet til linja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk. Du treng ikkje trykkja på ellipsebogen. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna eit segment som er basert på ein sirkel.
Ellipsesektor, utan fyll
Teiknar ein tom figur som er basert på bogen i ein sirkel og ei rett linje. Dra ut ein sirkel til den storleiken du vil ha han, trykk så med musepeikarender du vil ha startpunktet til linja. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk. Du treng ikkje trykkja på sirkelen. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna eit segment som er basert på ein ellipse.
Ellipsesektor, utan fyll
Teiknar ein boge i det gjeldande dokumentet. Dette gjer du ved å dra ut ein sirkel og klikka for å setja startpunktet til bogen. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og klikk. Du treng ikkje å trykkja på sjølve sirkelen. Hald nede Shift-tasten medan du dreg for å teikna ein boge som er basert på ein sirkel.
Boge
Teiknar ein boge basert på ein sirkel i dokumentet. For å teikna ein boge, dra ein sirkel til den storleiken du vil ha, trykk så med musepeikaren for å setja startpunktet på bogen. Flytt musepeikaren til der du vil ha endepunktet og trykk der. Du treng ikkje trykkja på sjølve sirkelen. Hald nede Shift medan du dreg for å teikna ein boge som er basert på ein ellipse.
Sirkelboge