LibreOffice 25.2 Hjelp
Endra forma, retninga eller fyllet i dei valde objekta.
Vel
.Klikk på pila ved sida av ikonet Transformasjonar på Standardlinja.
Transformeringar
Roterer eller forskyv dei valde 2D-objekta rundt eit omdreiingspunkt. Dra eit hjørnehandtak på objektet i den retninga du vil rotera det i. For å forskyva eit objekt, dreg du midthandtaket i den retninga du vil forskyva det i.
Kvart lysbilete har berre eit omdreiingspunkt. Dobbeltklikk på eit objekt for å flytta omdreiingspunktet til midten av objektet. Du kan òg dra omdreiingspunktet til ein ny plass på skjermen og deretter rotera objektet.
Viss du vel ei gruppe som inneheld eit 3D-objekt, vert berre 3D-objektet rotert. Du kan ikkje forskyva eit 3D-objekt. I staden kan du rotera det om X- og Y-aksen ved å dra i midthandtaka.
Roter
Spegelvender dei valde objekta om ei vendelinje som du kan dra ut til kvar som helst på lysbiletet. Dra eit handtak frå objekta over vendelinja for å snu objekta. Dra eit av endepunkta til vendelinja til ein ny stad for å endra retninga.
Spegelvend
Gjer om dei valde 2D-objekta til 3D-objekt ved å rotera objekta rundt ei symmetrilinje.
Dra symmetrilinja til ei ny plassering for å endra forma på det omgjorde objektet. For å endra retning på symmetrilinja, kan du dra i eit av endepunkta. Trykk på objektet for å gjera det om til 3D.
I 3D-dreieobjekt
Forvrengjer det valde objektet ved å pakka det rundt imaginære sirklar og deretter leggja til perspektiv. Dra i eit handtak på det valde objektet for å forvrengja det. Dersom det valde objektet ikkje er ein mangekant eller ei Bézier-kurve, får du melding om at du først må gjera objektet om til ei kurve.
Set i sirkel (perspektiv)
Forvrengjer det valde objektet ved å pakka det rundt imaginære sirklar. Dra i eit handtak på det valde objektet for å forvrengja det. Dersom det valde objektet ikkje er ein mangekant eller ei Bézier-kurve, får du melding om at du først må gjera objektet om til ei kurve.
Set i sirkel (skråstilt)
Let deg dra i handtaka for å endra forma på objektet. Dersom det valde objektet ikkje er ein mangekant eller ei Bézier-kurve, får du melding om at du først må gjera om objektet til ei kurve.
Forvreng
Legg ein gjennomsiktig fargeovergang til det valde objektet. Gjennomsiktslinja representerer ein gråskala der det svarte handtaket svarar til 0 % gjennomsikt og det kvite handtaket 100 % gjennomsikt.
Dra i det kvite handtaket for å endra retninga for gjennomsikta i fargeovergangen. Dra i det svarte handtaket for å endra lengda på fargeovergangen. Du kan også dra og sleppe fargar på handtaka frå
-linja for å endra gråtoneverdiane deira.For å visa
, vel .Gjennomsikt
Endrar fargeovergangsfyllet for det valde objektet. Denne kommandoen er berre tilgjengeleg viss du har brukt ein fargeovergang på det valde objektet i Dra handtaka på fargeovergangslinja for å endra retninga på fargeovergangen eller lengda på overgangen. Du kan også dra og sleppa fargar på handtaka frå . for å endra fargen på sluttpunkta på fargeovergangen.
For å visa
, vel .Fargeovergang