LibreOffice 25.2 Hjelp
Vel tidskontroll for den gjeldande effekten i vindauget Effektinnstillingar.
Viser starteigenskapen til den valde animasjonseffekten. Desse starteigenskapane er tilgjengelege:
Ved klikk – animasjonen stoppar ved denne effekten til neste museklikk.
Med førre – animasjonen startar med ein gong.
Etter førre – animasjonen startar så snart den førre animasjonen sluttar.
Legg ei tilleggsforseinking på n sekund før effekten byrjar.
Bestemmer kor lenge effekten skal vara.
Vel om du vil gjenta den gjeldande effekten og i tilfelle korleis. Skriv inn tal på gjentakingar eller vel frå lista:
(ingen) – effekten vert ikkje gjenteken.
Fram til neste klikk – animasjonen vert gjenteken fram til neste museklikk.
Fram til lysbiletet er slutt – animasjonen vert gjenteken så lenge lysbiletet vert vist.
Vel om du vil la animasjonsforma gå tilbake til den opphavlege tilstanden når animasjonen er slutt.
Vel om animasjonen skal byrja i den normale klikksekvensen.
Vel om animasjonen skjal byrja når det vert trykt på ei bestemt form.
Vel forma etter namn eller frå listeboksen.