LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel innstillingane og utvidingane til den gjeldande effekten i vindauget Effektinnstillingar.
For nokre effektar kan ein oppgje innstillingar i fana Effekt.
Bestemmer retninga på effekten.
Slå på dette valet for at farten på starten av effekten gradvis skal auka.
Slå på dette valet for at farten på slutten av effekten gradvis skal minka.
Vel utvidingane til den gjeldande effekten.
Vel ein lyd frå galleriet eller frå ei av dei spesiell oppføringane.
Ingen lyd – ingen lyd vert spela av under effektanimasjonen.
Stopp førre lyd – lyden av den førre effekten vert stoppa med ein gong den neste effekten startar.
Annan lyd – viser eit filopningsvindauge for å velja ei lydfil.
Spel av den valde lydfila.
Vel fargen som skal visast når animasjonen er ferdig, eller vel ein annan følgjeeffekt frå lista.
Ton ut med farge – ton ut med farge etter animasjonen.
Ikkje ton ut – ingen ettereffekt vert brukt.
Gøym etter animasjon – gøymer figuren etter at animasjonen er avslutta.
Gøym ved neste animasjon – gøymer forma ved den neste animasjonen.
Vel avblendingsfargen.
Vel animasjonsmodus for teksten i den gjeldande forma.
Alt på ein gong – animerer heile teksten på ein gong.
Ord for ord – animerer teksten ord for ord.
Bokstav for bokstav – animerer teksten bokstav for bokstav.
Bestemmer prosentdelen av forseinkinga mellom animasjon av ord eller bokstavar.