Punktmerke og posisjon

Set innrykking-, avstand- og justeringsinnstillingar for nummereringssymbola, som tal eller punktteikn, i sorterte eller usorterte lister.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

I ein merkt tekst, vel Format → Punkt og nummerering.

Frå sprettoppmenyen:

I ein merkt tekst, vel Punkt og nummerering.

Frå brukargrensesnittet med faner:

På fana Heim, klikk lenge på lista Sortert eller Usortert og vel Tilpass.

Frå verktøylinjer:

Ikon Dialogvindauget «Punkt og nummerering»

Punkt og nummerering

Standardpunkt Standard nummerering

Langt klikk og vel Tilpass.

Frå sidepanelet:

På fana Lister i panelet Eigenskapar, klikk lenge på lista Sortert eller Usortert og vel Tilpass.


Nivå

Vel nivået/nivåa du vil endra. For å bruka innstillingane på alle nivåa, vel «1-10».

Eigenskapar

Type

Vel listetype. Usortert liste med eit teikn som punkt, usortert liste med grafikkpunkt eller sortert liste med eigendefinert nummereringsmønster.

Teikn

Vel teiknet for den usorterte lista.

Byrja ved

For sorterte lister, vel verdien på det første elementet i lista.

Farge

Vel fargen på listeteikna for sorterte og usorterte lister. Det vert ikkje brukt fargar for lister med grafiske punktteikn.

Skiljeteikn

For sorterte lister, set teksten som skal visast før og etter nummereringa.

Før

Skriv inn teksten som skal visast før nummereringa.

Etter

Skriv in teksten som skal visast etter nummereringa.

Storleik

Set storleiken på teiknet og grafiske punktmerke i høve til skriftstorleiken i avsnittet.

Breidd

Skriv inn breidda på det grafiske punktteiknet.

Høgd

Skriv inn høgda på det grafiske punktteiknet.

Behald forholdet

Merk av for denne om du vil behalda forholdet mellom høgde og breidde på det grafiske punktteiknet.

Rel. storleik

Vel den relative storleiken på punktteiknet for sorterte og usorterte lister. Den relative storleiken gjeld også for teksten Før og Etter.

Posisjon

Innrykk

Set avstanden frå den venstre kanten av objektet til byrjinga av alle linjene i lista.

Breidd

Skriv inn eller vel breidda på listeelementet.

note

Den samla totale lengda av Framføre, Etter og nummereringa kan overstyra breiddeinnstillinga.


Relativ

Relativt til det øvre listenivået. Den gjevne verdien vert lagt til verdien i dette feltet på nivået framføre. Viss «Innrykk: 20 mm» på listenivå 1 og «Innrykk: 10 mm relativ» på listenivå 2, vert resultatet eit effektivt innrykk på 30 mm for nivå 2

Justering

Vel justeringa av innhaldet i den sorterte lista si listenummerering i innstillinga Breidd.

Virkefelt

Brukar endringane på heile .

Utval

Tek i bruk endringa på det merkte området.

Bruk på hovuddokument

Klikk for å bruka endringa på alle som brukar gjeldande .

Førehandsvising

Viser ei førehandsvising av det gjeldande utvalet.

Støtt oss!