Slå saman

Slå saman to eller fleire valde objekt til éin figur. Til skilnad frå gruppering, vil eit samansett objekt ta opp eigenskapane til det objektet som ligg nedst i oppstillingsrekkjefølgja. Du kan dela opp samansette objekt, men objekta vil då ikkje lenger ha dei opphavlege eigenskapane.

Når du slår saman objekt, vert teikneelementa erstatta av Bézier-kurver og der dukkar opp hòl der objekta overlappar kvarandre.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Form → Kombiner (berre i LibreOffice Draw)

Vel to eller fleire objekter, opna sprettoppmenyen og vel Slå saman.


Støtt oss!