Til bilete

Gjer om det valde objektet til punktgrafikk (eit rutenett av pikslar som utgjer eit bilete).

For meir informasjon, sjå ordlista.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Form → Gjer om → Til bilete (berre i LibreOffice Draw)

Opna sprettoppmenyen for eit valt objekt, og vel Gjer om → Til bilete


Merknadsikon

Du kan òg kopiera det valde objektet og velja Rediger → Lim inn utval og velja biletformatet frå lista.


Støtt oss!