LibreOffice 7.5 Hjelp
Gjer om objektet til eit tredimensjonalt (3D) objekt.
Det valde objektet vil først verta gjort om til eit omriss og deretter til eit 3D-objekt.
Dersom du merkjer to eller fleire objekt og lagar dei om til 3D, vert resultatet ei 3D-gruppe som oppfører seg som eit enkelt objekt. Du kan redigera kvart objekt i gruppa ved å velja Form → Grupper → Gå inn i gruppeFormat → Grupper → Gå inn i gruppe. Vel Form → Grupper → Gå ut av gruppaFormat → Grupper → Gå ut av gruppa når du er ferdig.
Å gjera om ei gruppe objekt til 3D vil ikkje endra på oppstillingsrekkjefølgja for dei enkelte objekta.
Trykk F3 for raskt å gå inn i ei gruppe og KommandoCtrl + F3 for å gå ut av gruppa.
Du kan òg gjera om vanlege bilete og strekbilete, medrekna utklippsbilete, til 3D-objekt. LibreOffice handsamar vanlege bilete som rektangel og strekbilete som ei gruppe mangekantar når dei vert gjorde om til 3D.
Også teikneobjekt som inneheld tekst kan gjerast om.
Viss du vil, kan du òg leggja ein 3D-effekt til det omgjorde objektet.