LibreOffice 24.8 Hjelp
Gjer det valde objektet om til ein mangekant (eit slutta objekt sett saman av rette linjer). Utsjånaden til objektet vil ikkje endra seg. Dersom du vil, kan du høgreklikka og velja Rediger punkt for å sjå endringane.
Dei følgjande innstillingane er nødvendige for å gjera om eit bilete til ein mangekant. Det omgjorde biletet vera ei samling av mindre mangekantar fylde med farge.
Vel innstillingane for omgjering av bilete.
Vel kor mange fargar som skal visast i det omgjorde biletet. LibreOffice opprettar ein mangekant for kvar førekomst av ein farge i biletet.
Fjern farga mangekantar som er mindre enn biletpunktverdiane du har valt.
Fyll fargegapa som skuldast at punktreduksjon er valt.
Skriv inn storleiken på rektangelet for bakgrunnsfyllet.
Førehandsvising av det opphavlege biletet.
Førehandsvising av det omgjorde biletet. Trykk på Førehandsvising for å laga strekbiletet.
Viser framgangen i omgjeringa.
Førehandsvis det omgjorde biletet utan å leggja til endringane.