Gjer om
Innstillingar for omgjering av det valde objektet.
Til mangekant
Gjer det valde objektet om til ein mangekant (eit slutta objekt sett saman av rette linjer). Utsjånaden til objektet vil ikkje endra seg. Dersom du vil, kan du høgreklikka og velja Rediger punkt for å sjå endringane.
Til omriss
Gjer om det valde objektet til ein mangekant eller ei gruppe av mangekantar. Viss det vert laga ei gruppe mangekantar i omgjeringa (for eksempel når du gjer om eit tekstobjekt), trykkjer du F3 for å gå inn i gruppa når du skal velja ein einskild mangekant.
Gjer om til 3D-rotasjonsobjekt
Lag ei tredimensjonal form ved å rotera objektet rundt den loddrette aksen sin.
Til bilete
Gjer om det valde objektet til punktgrafikk (eit rutenett av pikslar som utgjer eit bilete).
Til metafil
Gjer om det valde objektet til Windows Metafile Format (WMF), som inneheld data for både punkt- og strekbilete.