Tilpassa lysbiletvising

Lagar ei tilpassa lysbiletframvising ved å bruka lysbilete som allereie er i presentasjonen. Du kan då velja lysbilete som oppfyller krava til publikumet. Du kan laga så mange tilpassa lysbiletframvisingar du vil.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Lysbiletframvising → Tilpassa lysbiletframvising


Dialogvindauget for utforming av brukardefinerte framvisingar

tip

Les hjelpsida Laga ei tilpassa lysbiletframvising for å læra meir om korleis du set opp dine eigne, tilpassa lysbiletframsyningar.


Liste over tilpassa lysbiletframvisingar

Viser kva for tilpassa lysbiletframvisingar som er tilgjengelege.

For å oppretta ei tilpassa lysbiletframvising, trykkjer du på Ny.

Starta ei tilpassa lysbiletframvising

  1. Vel ei tilpassa lysbiletframvising frå lista.

  2. Trykk på Start.

Ny

Lagar ei tilpassa lysbiletframsyning.

Rediger

Legg til, fjern eller omorganiser lysbilete og endra namnet på den tilpassa lysbiletframvisinga som er vald.

Slett

Slettar det valde elementet eller element utan å spørja om stadfesting.

Kopier

Lag ein kopi av den valde tilpassa lysbiletframvisinga. Du kan endra namnet på framvisinga ved å trykkja på Rediger.

Start

Køyrer den valde tilpassa lysbiletframvisinga.

Lukk

Lukkar dialogvindauget og lagrar alle endringane.

Støtt oss!