LibreOffice 7.5 Hjelp
definerer innstillingar for framsyninga, som kva for lysbilete som skal vera det første, korleis du går frå eitt lysbilete til det neste, type presentasjon og peikarval.
Vel kva lysbilete som skal takast med i lysbiletframvisinga.
Ta med alle lysbileta i framvisinga.
Oppgje nummeret på det lysbiletet som skal vera først i framvisinga.
Start ei tilpassa lysbiletframvising med den rekkjefølgja du oppgav i Lysbiletframvising → Tilpassa lysbiletframvising.
Vel lysbiletframvisingstype.
Lysbiletet vert vist over heile skjermen.
Lysbiletframvisinga vert vist i programvindauget til LibreOffice.
Start lysbiletframvisinga på ny etter pauseintervallet som er oppgjeve. Eit pausebilete vert vist mellom det siste og det første lysbiletet. Trykk Esc-tasten for å stoppa framvisinga.
Vel kor lang pausen skal vera før lysbiletframvisinga vert gjenteken. Skriv du inn null, vil framsyninga starta med ein gong, utan å visa eit pausebilete.
Vis LibreOffice-logoen på pausebiletet. Logoen kan ikkje bytast ut.
Vel at lysbilete aldri skal skiftast automatisk.
Vis musepeikaren under ei lysbiletframvising.
Endrar musepeikaren til ein penn som du kan bruka til å teikna på lysbileta under presentasjonen.
Alt du skriv med pennen vert verande i lysbiletet når du går ut av lysbiletvisinga. Eigenskapane til pennen kan endrast ved å velja kommandoen Pennbreidd eller Endra pennfarge i sprettoppmenyen medan du viser lysbileta.
Vis animasjonar (GIF-filer) under lysbiletframvisinga. Viss dette ikkje er vald, vert berre det første biletet i animasjonen vist.
Gå vidare til neste lysbilete når du trykkjer på bakgrunnen til eit lysbilete.
LibreOffice-vindauget vert halde øvst under presentasjonen. Ingen andre program vil visa sine vindauge over presentasjonen.
Som standard vert hovudskjermen brukt til lysbiletvisingsmodus. Viss det gjeldande skrivebordet vert vist på meir enn ein skjerm, kan du velja kva skjerm som skal brukast til lysbiletframvisingsmodus i fullskjerm. Viss det gjeldande skrivebordet berre går over ein skjerm, eller viss fleirskjermsmoglegheita ikkje er støtta på det gjeldande systemet, kan du ikkje velja ein annan skjerm.
Vel ein skjerm som skal skal brukast for lysbiletframvising i fullskjerm.
Viss systemet tillèt å strekkja eit vindauge over alle dei tilgjengelege skjermane, kan du òg velja «Alle skjermar». I dette tilfelle vert presentasjonen fordelt på alle dei tilgjengelege skjermane.
Denne innstillinga vert lagra i brukaroppsettet, og ikkje i dokumentet.