LibreOffice 25.2 Hjelp
Tilordnar effektar til dei valde objekta.
Animasjonslista viser alle animasjonane på dette lysbiletet.
Kvart lysbilete har ein hovudanimasjon som vert vist samtidig som lysbiletet.
Fleire animasjonar kan vera tilgjengelege og verta viste samtidig som ein figur. Viss nokon av desse animerte figurane finst, vert dei viste i ei liste i den nedste halvdelen av animasjonslista. Namnet på kvar figur som viser ein animasjon er vist på faner.
Kvart listeinnslag har desse to radene:
Den første rada i oppføringa viser eit musesymbol viss animasjonen vert starta med eit museklikk eller ei klokke viss startar når den førre animasjonen er ferdig. Deretter namnet på animasjonseffekten eller dei første bokstavane i den animerte teksten.
Den andre rada viser eit symbol for animasjonseffekten og kategori og namn på effekten.
Legg til ein annan animasjonseffekt i det valde objektet på lysbiletet.
Fjern dei valde animasjonseffektane frå animasjonslista.
Trykk på ein av knappane for å flytta den valde animasjonseffekten opp eller ned i lista.
Vel ein animasjonskategori. Desse kategoriane er tilgjengelege:
Inngang: Vel ein inngangseffekt frå nedtrekkslista.
Utheving: Vel ein uthevingseffekt frå nedtrekkslista.
Avslutt: Vel ein avsluttingseffekt frå nedtrekkslista.
Rørslestiar: Vel ein rørslestieffekt frå nedtrekkslista.
Vel ein animasjonseffekt.
Viser når den valde animasjonseffekten skal byrja. Du har desse vala:
Ved klikk – animasjonen stoppar ved denne effekten til neste museklikk.
Med førre – animasjonen startar med ein gong.
Etter førre – animasjonen startar så snart den førre animasjonen sluttar.
Vel tilleggseigenskapane til animasjonen. Trykk på …-knappen for å opna dialogvindauget effektval der du kan velja og leggja til eigenskapar.
Vel kor lenge den valde animasjonseffekten skal vara.
Animasjonen startar først etter denne forseinkinga.
Merk for å førehandsvisa nye eller redigerte effektar i lysbiletet medan du tilordnar dei.
Speler av den viste animasjonseffekten i førehandsvisingsfeltet.