LibreOffice 25.2 Hjelp
Lagar ein tilpassa animasjon for lysbiletet. Du kan berre laga animasjonar ut frå objekt som finst frå før.
Du kan kopiera og setja inn animasjonar i LibreOffice Writer.
Førehandsviser objekta i animasjonen. Du kan òg trykkja på knappen Spel av for å sjå animasjonen.
Gå til det første biletet i animasjonssekvensen.
Første bilete
Spelar animasjonen baklengs.
Bakover
Stopp avspelinga av animasjonen.
Stopp
Spel av animasjonen.
Spel av
Gå til det siste biletet i animasjonssekvensen.
Siste bilete
Vis plasseringa til biletet i animasjonssekvensen. Dersom du vil visa eit anna bilete, skriv du inn nummeret til det eller trykkjer på opp- og ned-pilene.
Vel kor mange sekund biletet skal visast. Dette valet er kun mogleg viss du vel Biletobjekt i Animasjonsgruppe-feltet.
Vel kor mange gongar animasjonen skal spelast av. Dersom du vil at animasjonen skal spela heile tida, vel du Maks.
Legg til eller fjernar objekt frå animasjonen.
Legg til valde objekt som eit enkelt bilete.
Bruk objekt
Legg til eit bilete for kvart valde objekt. Dersom du vel eit gruppert objekt, vil du få eitt bilete for kvart objekt i gruppa.
Du kan òg velja ein animasjon, slik som ei animert GIF-fil, og trykkja på dette ikonet for å opna han for redigering. Når du er ferdig med å redigera animasjonen, trykkjer du på Opprett for å setja inn ein ny animasjon i lysbiletet.
Bruk objekta kvar for seg
Slettar det gjeldande biletet frå animasjonen.
Slett dette biletet
Slettar alle bileta i animasjonen.
Slett alle bileta
Totalt tal på bilete i animasjonen.
Vel objekteigenskapane til animasjonen.
Set fleire bilete saman til eitt objekt, slik at dei kan flyttast som ei gruppe. Du kan framleis redigera individuelle objekt ved å dobbeltklikka på gruppa i lysbiletet.
Slår saman bilete til eitt enkelt bilete.
Juster bileta i animasjonen.
Set animasjonen inn i det gjeldande lysbiletet.