LibreOffice 24.8 Hjelp
Vel kva spesialeffekt som skal spelast av når du viser eit lysbilete under ei lysbiletframvising.
For å bruka den same overgangseffekten på meir enn eitt lysbilete, byter du til Lysbiletsortering, vel lysbileta og vel deretter Lysbiletframvising → Lysbiletovergang.
Vel lysbiletovergangen som skal brukast på dei merkte lysbileta.
Vel ein variant for overgangen. Denne lista er berre tilgjengeleg for ein del overgangar.
Set kor lang tid overgangen skal bruka.
Listar lydar som kan spelast under lysbiletovergangen.
Vel dette for å spela lyden om og om att fram til ein ny lyd vert spelt.
Vel korleis det neste lysbiletet skal hentast.
Vel dette for å byta til neste lysbilete når du klikkar.
Vel dette for å byta til neste lysbilete etter eit visst tal på sekund. Skriv inn talet på sekund i talfeltet ved sida av rulleknappen eller trykk på rulleknappen.
Brukar den valde lysbiletovergangen på alle lysbileta i denne presentasjonen.
Førehandsviser den valde lysbiletovergangen.
Vel dette for automatisk å sjå lysbiletovergangane i dokumentet.