Endra hovudlysbiletet
Viser dialogvindauget for Tilgjengelege hovudlysbilete der du kan velja eit utformingsskjema for det aktive lysbiletet. Eventuelle objekt i lysbiletutforminga vert sette inn bak objekta i gjeldande lysbilete.
Lysbiletutforming
Viser dei lysbiletutformingane som du kan bruka på lysbiletet. Vel eit oppsett og trykk OK for å bruka oppsettet på det gjeldande lysbiletet.
Byt bakgrunnsside
Bruker bakgrunnen i den valde biletutforminga på alle lysbileta i dokumentet.
Slett ubrukte bakgrunnar
Slettar ubrukte bakgrunnslysbilete og presentasjonsutformingar frå dokumentet.
Last inn
Viser dialogvindauget Last inn hovudlysbilete der du kan velja mellom fleire lysbiletutformingar.