LibreOffice 7.6 Hjelp
Opnar stilhandsamaren i sidepanelet med ei liste over alle tilgjengelege bilet- og presentasjonsstilar som du kan bruka eller redigera.
Stilhandsamaren i LibreOffice Impress oppfører seg annleis enn i andre LibreOffice-program. For eksempel kan du oppretta, redigera og bruka Biletstilar, men du kan berre redigera Presentasjonsstilar.
Når du redigerer ein stil, vert endringane automatisk brukte på alle elementa som er formaterte med denne stilen i dokumentet. Viss du vil vera sikker på at stilane i eit visst lysbilete ikkje vert oppdaterte, kan du oppretta eit nytt hovudlysbilete.
Vis stilar som er brukte i automatiske oppsett for LibreOffice Impress. Du kan berre endra presentasjonsstilar.
Presentasjonsstilar
Viser stilar for formatering av grafiske element, også tekstobjekt.
Biletstilar
Legg den valde stilen til eit objekt i lysbiletet. Trykk på malingsspann-knappen og deretter på eit objekt i lysbiletet for å leggja til stilen. Trykk på malingsspann-knappen igjen for å gå ut av denne modusen.
Fyllformatmodus
Lag ein ny stil ved å bruka formatattributta til eit merkt objekt.
Ny stil frå utval
Oppdater stilen som er vald i stilhandsamaren med formateringa til det valde objektet.
Oppdater stil
Lag, rediger, legg til og handsam stilar.