Felt

Viser vanlege felt som du kan setja inn i lysbiletet.

Viss du vil redigera eit felt i lysbiletet, vel du det og deretter Rediger → Felt.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Felt


Dato (fast)

Set inn dato i lysbiletet som eit fast felt. Datoen vert ikkje automatisk oppdatert.

Dato (variabel)

Set inn dato i lysbiletet som eit variabelt felt. Datoen vert automatisk oppdatert når du oppdaterer fila.

Klokkeslett (fast)

Set inn klokkeslett som eit fast felt i lysbiletet. Klokkeslettet vert ikkje automatisk oppdatert.

Klokkeslett (variabelt)

Set inn klokkeslett som eit variabelt felt som vert oppdatert kvar gong du opnar fila.

Set inn namnet på personen som oppretta dokumentet her som eit felt. Feltet brukar oppføringa som er gjort i LibreOffice → Brukardata.

Sidetal

Set inn sidetal på den gjeldande sida eller det gjeldande lysbiletet. Viss du vil leggja til eit sidetal på kva side, vel du «Vis → Hovudlysbilete og set inn feltet for nummer. Du kan endra talformatet ved å velja fana → Innstillingar → Side og velja eit format i lista i området Utformingsinnstillingar.

Filnamn

Set inn namnet på den gjeldande fila. Namnet kjem opp etter at fila er lagra.

Støtt oss!